"Den som inki e rædd fyr skillingi, fær saint å alder dalaren."
Den fyrste banken som kom til Hallingdal, var Nes Sparebank i 1842. Men fyrst då det vart eigen bank for Ål og Hol i 1870 fekk bankverksemda meir å seia for det økonomiske livet i bygda vår. I oppmodinga om skiping av Ål og Hol Sparebank heiter det m.a.;«Når vi selv eie en sparebank, så haver præstegjeldets beboere den første adgang til at enholde lån. Hittil har nok lån været at bekomme i den nærmeste sparebank, nemlig Nes, men først må nesningene fåe de lån de behøve, førend vi der boe i et andet præstegjeld, kunne gjøre os håb om at fåe noget, uagtet de beløb vi have stående der andrage sig formentlig til adskillelige summer.»
Opning av Hol sparebank
Opning var den 28. januar 1905. Fyrste styret var: Sven Steensen, formann, Ola Reinton, Ivar Slettemoen og S. Reinton. Men då S. Reinton tok på seg å vera kasserar, rykte O.T. Myro opp som styremedlem.
Frå dei fyrste vedtak om banken si verksemd tek ein med: «-det besluttedes at banken inntil videre fra den tide den begynner sin virksomhet holdes åben hver anden lørdag, undtagen i månedene juli og august, da den holdes åben hver 3die lørdag. Samtidig var styrets medlemmer enige om at andrage herredstyret at fåe benytte den til Hol kommune forærede »jernkiste« til afbenyttelse som pengeskap» «Man besluttede at andrage Hol herredstyre om et rentefritt lån stort kr 150.- av Sparebankforeningens fond til indkjøp av protokoller og trykksaker. Lånet ønskes tilstått for et tidsrom av 5 år.» «-lokale for banken blir at leie hos Pål Slettemoen for en årlig leie af kr 60.-. Han tilbyder de to minste rum i 2. etage og vil skaffe de nødvendige stoler, bord og hyller samt ved, lys og vask.» «Kassereren blir at ansatte med en årlig løn af kr 80.- til kr 100.- (Kasserarløna vart fastsett til kr 200.- i bankrådet.) »
Som godtgjørelse til bankstyret foreslåes: Til fordeling mellom medlemmene efter udført arbeide kr 60.- til kr 70.-. Kr 1.- pr. dag.« Ved utgangen av 1905 hadde banken 264 innskytarar, ein forvaltningskapital på kr 58.263.-, eit overskot på kr 386.- og eige (lån?) kr 4.000.-. I 1907 vart det semje med ålingane om utløysingssummen, som då vart utbetalt med kr 17.000.-.
Frå styremøte 30. oktober 1908 tek ein med: »Da imidlertid vor Sparebank, sammenligned med andre Banker endu må siges at have dårlig raa, og da en betydelig stor sum af bankens forvaltningskapital fortiden henstår som innskudd i andre Banker, hvilke beløb ikke kan siges at medfører betydelig arbeid for kasserer, finder man fortiden at kunde foreslå for Bankrådet at den årlige løn til bankens kasserer forhøges med kr 100.-. Lønnen pr. år bliver efter dette kr 300.-.« Opninga av Bergensbanen i 1909 førde til framgang i det økonomiske livet i Hol. Her vart fleire høve til fortenest, nye levevegar, større avsetnad og omsetnad. Dette merka seg av og gav auka vekst i banken som etter kvart arbeidde seg opp og fram.
Krigsåra 1914 - 18 og kriseåra framover til 1930.
Tida vart unormal og usunn her som andre stader. Alle prisar gjekk voldsomt opp, litt jobbing var det her og, særleg i ved og skog. For jordbruket var det fyrst ei oppgangstid. Staten gav store tilskot og billige lån til nydyrkning, det vart mykje pengar blant folk. Mange kjøpte dyre eigedomar og sat med stor gjeld då nedgangstida kom. Ei ny næring i denne tida, sylvrevalet, berga nok mange og førde nye verde og inntekter inn i bygda, men krisa som kom i 1929, heldt på å gjera ende på dette og mykje anna.
Frå 1930 arbeidde næringslivet seg langsomt oppover att, til den nye heimskrigen i 1940. Banken merka også desse åra. Det vart m.a. problem med nokre store lån som styret hadde gjeve utanbygs, til gardekjøp. Bankinspeksjonen klagar i brev, etter ein inspeksjon, at styret hadde gjeve nokre slike lån.
I 1927 gjorde styret avtale med sakførar Jorde frå Nesbyen om å ta seg av juridiske spørsmål, inndriving av renter og lån og elles gjeva råd om drift av banken. Lensmannen tok også på seg oppdrag om inndriving av renter og lån i denne tida.I fleire styremøter i 1929-30 var spørsmålet oppe korleis banken skulle greie skaffe likvide midlar. Vedtak m.a. om inndriving av pantelån som var forfalle og mislighelde, og kommunen fekk oppmoding om å innfri eit lån på kr 30.000.-,- enten å få låne dette privat eller ordne det på annan måte.
Eit anna døme frå dei vanskar banken hadde i denne tida, syner ein lånesøknad på kr 5.000.- med sikker pant og kausjonistar, dette vart innvilga, men redusert til kr 3.000.- då styret f.t. ikkje fann å kunne låne ut så mykje som kr 5.000.- til ein mann. Det er i same åra at banken måtte skriva av tap for sperra innskot i andre bankar, m.a. Sentralbanken med kr 3.500.- for hovedavdelinga og kr 2.000.- for Geiloavdelinga, Andresens og Bergens Kredittbank med liknande summar, og elles tap for det same i Drammens og Opland Privatbank.
Den 20. november 1919 opna Hol Sparebank avdelingskontor på Geilo, i huset til E.S. Åker. Men før det kom så langt, var det kome konkrete planar om oppretting av privatbank på Geilo. (M.a. lærar K.O. Fossgard og dir. Klem var med i leiinga for dette.)Aksjeteikninga til grunnfondet på kr 10.000.- var ordna. Men då Hol Sparebank gjorde sitt vedtak om avdelingskontor, vart planane om privatbank lagt ned. Det skulle gå lang tid før Hol Sparebank fekk eigne bankbygg, noko som førde til mykje flytting i leigde lokaler frå stad til stad. I Hol var likevel banken i mange år, like fram til 1930, i leigde rom, der Hol Pensjonat er i dag. Seinare leigde banken 2. høgda hjå Hol Handelslag, og var der til bankbygget i Hol var ferdig i 1956.
I åra frå 1934 var det framme mange planar om reising av eige bankbygg, og føresetnaden var at det skulle byggjast i nærleiken der Hol Kommune skulle byggja sitt kommunehus. Men kommunen hadde store problem med å bli samde om stad for kommunehuset. Striden mellom aust og vest i Hol var strid og hard i desse åra, og merka seg særleg ut om bygging og tomt til kommunehuset,(Dalastriden i Hol) På Geilo var, som før nemnt, første banklokalet i huset til E.S. Åker, flytta seinare over til Rutli (Tragethon), i 1932 til Paul Tuftes hus (Ro Kro), derifrå til Kveldsro og endeleg til Sentrum (nå Hol E.verk). Byggeplanar var det på Geilo, men tomtespørsmålet var vanskeleg og stoppa fleire planar. Men i 1961 gjekk banken inn som hovedaksjonær i A/S Fremstad og kjøpte tomta av Gro og Birger Kirkevoll. Det vart vedteke å reise eit forretningsbygg på tomta, der banken skulle få, etter som ein då meinte, rikeleg med plass. I 1964 var banklokala og bygget ferdig, -endeleg var heile bankens verksemd kome inn i eigne tidhøvelege lokaler som låg sentralt og som gav gode arbeidstilhøve både for dei tilsette og for kundane.Lokala både i Hol og på Geilo er i seinare år utvida og ombygde etter som banken har vakse og fått bruk for meir plass for dei tilsette og nye hjelpemidlar er teke i bruk. Kundeekspederinga har etter kvart auka og kravd utviding og meir plass.
I jubileumsåret blir nye planar om ny utviding og ombygging drøfta, dette gjeld særleg lokala på Geilo, for å møte krava som blir sett til banken i åra som kjem. Banken har dei seinare år hatt kontor i Dagali og Hovet. Kontora er opne nokre timar ein og to dagar i veka. Dei er vel mottekne av kundane og tener eit behov for lettare og betre kontakt mellom banken og desse grendene. Samarbeidet med Hol Kommune bør nemnast, for det har vore det beste i alle desse åra. Soga om banken og bygda (kommunen) er knytt nært saman i både oppgang- og nedgangstider. Heilt fram til 1919 var banken open berre annan kvar laurdag, men frå denne tida vart det kvar laurdag, både for Hol og Geilo. I tida fra 13/12 til 12/1 var banken kvart år stengt, grunna årsoppgjeret. Utviding av opningstida vart etter kvart endra til 2 og 3 dagar i veka, men fyrst i 1952 kom vedtak om at banken på Geilo skulle vera open kvar dag frå kl 10 til kl 13 i tida frå 1/1 til 30/4 og frå 1/7 til 1/10. I dag kan banken sjå attende på praktisering av laurdagsstengd i feire år. Pensjonsording for dei tilsette i banken var vedteke i 1944. Første gong banken hadde utdeling av gaver til almennyttige formål var i 1928. Styret fann å kunne avsetja kr 1.100.- som vart delt på sjukepleien i Hol og Bygdeboka. Seinare er det i alle år avsett gaver til ymse formål innan bygda, alt etter som overskotet har gjeve plass til det.
Tilsette i banken.
I heile tidbolken frå 1905 og fram til 1956 var det berre kasserarane som var tilsette i banken. Formann i styret var saman med kasseraren, leiar av den daglege veksemda (ekspederinga) i banken. Etter at avdelingskontoret på Geilo var opna i 1919, var nestformannen saman med kasseraren på bankdagane ved det kontoret. Som før nemnt var Sven Steensen formann i styret, og han slutta fyrst etter oppnådd aldersgrense i 1928. Asbjørn Tufto vart då vald til ny formann og han held fram til 1956, etter nådd alder. Same tid slutta nestformannen som då var dagleg leiar ved Geiloavdelinga, nemleg S.O. Fossgaard. Spørsmål om tilsetting av banksjef, som hadde vore drøfta før, vart no teke oppatt og det vart vedteke å lyse ut banksjefstillinga i Hol Sparebank. Olav Aarø vart tilsett som den fyrste banksjefen og han var her i Hol til 1960, då Jacob Lothe kom, og var til Sverre Vik vart tilsett i 1964.Det kan i dag vera grunn til å merke seg at banksjef Aarø hadde ei løn ved tilsettinga på kr 15.000.- + fritt hus, lys og varme. Løna til J. Lothe var fyrste året kr 18.000.- + hus m.m. I dag er nok banksjefløna i Hol komen høgare opp.
I 1956 vart den første funksjonæren, utanom kasserar, ved Geiloavdelinga tilsett. Han skulle og tenestegjera saman med kasseraren dei dagane banksjefen var i Hol. Banksjefen var næmleg den første tida 3 dagar i Hol og resten av veka på Geilo. På annan stad i dette jubileumsskriftet vil ein sjå at det er 20 tilsette i banken. Etter kvart som banken har auka omsetnaden og arbeidsmengda, trengde ein og fleire funksjonærar. I dag kan ein tydeleg merka at den store veksten i banken kom etter at det vart eigne bankbygg både på Geilo og i Hol. At Hol fekk bankbygget i nærleiken av kommuneadministrasjonen og trygdekontoret m.m. og at Fremstadbygget med banklokala kom i forretnings- og turiststrøket på Geilo, har sikkert vore ei stor og medvirkande årsak til den utviklinga som banken kan gleda seg over den siste tida. Arbeidsmengda og utviklinga innen banken har etter kravd nye og fleire hjelpemidlar, og styret har til kvar tid prøvd å følgja opp i utviklinga innen bankveksemda. Ein kan her berre nemne overgangen til EDB for båe avdelingar, minibanken på Geilo m.m. Revisjonen er utvida og omlagt i takt med utviklinga og i samsvar med nye krav til fullgod og sikker revisjon. Den nye sparebanklova har gjeve banken høve til endringar og nye framsteg for å oppnå ein tidsmessig sparebank på alle plan. Etter den nye lova har dei tilsette fått sine representantar inn i leiinga av banken.
Likviditet
Likviditeten i banken har ikkje vore like god i alle år. Her vil ein berre ta med nokre tal som klårt syner dette frå ein tidsbolk av desse 75 åra: I 1940 var utlåna i % av forvaltningskapital 70,9%, mens i 1945 var den komen ned i 24,3%, for så å auke att til 51,2% i 1950 og 62,1% i 1955. I dag er denne 60%. Markeringa av 75 års drift i Hol Sparebank kjem i ein tidbolk som syner uvanleg stor vekst og utvikling både i bygda og banken. Banken kan gleda seg over ein stadig auka tilslutnad og tiltru frå bygdefolket, noko som kjem klårt fram i oppgaver og statistikk på annen stad i skriftet. I sparebanksamanheng er ikkje 75 år nokon grunn til særleg høgtiding, det er ein stor del sparebankar som har runda over 100 år for mange år sidan. Men likevel må ein i dag berre kunne slå fast at banken vår har vakse seg både stor og sterk. Og han er utan tvil i dag ein viktig og avgjerande faktor i det økonomiske livet og bilete i vår kommune. Banken står i dag godt rusta til å møte nye krav som både bygda og bygdefolket har rett til å stille til ein tidhøveleg og god sparebank i åra som kjem.